Firdaposten: Caroline og Lillianne skal sikre helsa for bedriftene i Florø

Denne artikkelen ble publisert i Firdaposten 11.08.22 Florø, Fjord Base | Caroline og Lillianne skal sikre helsa for bedriftene i Florø (firdaposten.no)

11.08.22 20:00

Liv Standal

Det er Norges tredje største bedriftshelseteneste som no er på plass i administrasjonsbygget på Fjord Base.

Hovudkontoret til Medco dinHMS ligg like utanfor Stavanger. Det betyr at selskapet har mange bedrifter knytte til olje- og gassindustrien som kundar, og desse har avdelingar rundt i heile landet - mellom anna fleire i Florø.

Marknad og behov

– Det var viktigaste grunnen til at vi ønskte å etblere ei eiga avdeling her, og ikkje vere avhengige av samarbeidspartnarar, fortel Lillianne Ahlstrøm, HMS-rådgjevar.

Ho har nokre års fartstid i selskapet og er no på plass i Florø for å sjå til at Caroline Kringstad kjem greitt i gang.

– Vi har fleire noverande kundar her på basen, til dømes Halliburton, SAR og Swire, som har behov for bedriftshelseteneste, men også andre i området, som NorTekstil og fleire hotellkjeder. Vi håpar marknaden og behovet er der, for vi ser føre oss eit utviding og er innstilte på å reise rundt! slår Kringstad fast.

– Det er nokre anbod ute allereie, så det er spennande for oss, smiler Ahlstrøm.

Kontoret vil også få yrkeshygeniker og HMS-ingeniør i deltidsstillingar, pluss at det er ein lege på veg inn.

Kontoret i Florø vil samarbeid med Bergen.

– Der sit det 18 tilsette med god kompetanse, pluss at hovudkontoret også vil bistå med det vi måtte trenge, slår Kringstad fast.

Medco dinHMS

Medco dinHMS er Norges tredje største bedriftshelseteneste med hovudkontor i Tananger ved Stavanger. Selskapet har også kontor i Oslo, Bergen, Kristiansand, Arendal, Mandal, Haugesund, Jørpeland og Hammerfest.

Medco dinHMS har sitt utspring i arbeid mot oljebransjen og blei etablert i Tananger i 1990. Dei har til saman 85 tilsette og bistår alle slags bransjar, både private og offentlege.

Undervisning og helsesjekk

Caroline Kringstad, som nyleg har flytta heim til Florø, er utdanna sjukepleiar og har mellom anna jobba i akuttmottaket ved Sentralsjukehuset i Førde.

– Eg har klinisk erfaring derifrå, men eg har også jobba i eldreomsorga i kommunen, då eg studerte. Og eg har undervist på vidaregåande. Det vi gjer i Medco er gjerne ein kombinasjon av undervisning og helsekontroll. Difor er det fint å ha erfaring frå begge deler, synest ho.

Ahlstrøm er også sjukepleiar og har i tillegg vore innom forsvaret, har jobba i fengsel og vore avdelingsleiar på sjukeheim.

– Men dei siste tre og eit halvt åra har eg vore i Medco. Hovudfunksjonen min her, er HMS-rådgjeving, men også førstehjelp og miljøretta arbeidshelsekontroll. Vi er ei førebyggande eining. Er det behov for vidare behandling, er det fastlege eller spesialisthelsetenesta som tar seg av det. Vi har også psykolog vi kan vise vidare til, opplyser Ahlstrøm.

Men no framover skal ho altså vere Kringstads «fadder» og kontaktpunkt opp mot kundar og oppgåver her.

– Og når eg reiser, er eg berre ein telefon eller mail unna. Eller ein flytur! smiler ho.

Kringstad skal ha full, fast stilling ved kontoret.

– Vil utvide

Då Firdaposten kjem på besøk, har dei nett hatt sin første kunde innom - ein tilsett på basen som trengde ein vaksine, og fredag ventar den første helsekontrollen.

Dei to forklarar at medan nokre tilsette har årlege helsekontrollar, kan andre ha annakvart eller til og med kvart tredje år.

– Det er HMS-ansvarleg i dei ulike bedriftene som dirigerer når dei skal inn til helsekontrollar. Dei er flinke å ta vare på sine tilsette. Det er viktig med jamnleg bevisstgjering; er det nye kjemikaliar ein må vere obs på, ikkje slurve med verneutstyr, sørge for god ergonomi og så vidare, ramsar dei to opp.

Kringstad slår fast at bedrifta har store ambisjonar

– Vi vil utvide og få inn fleire kundar enn det vi har lokalt no, og ønskjer også kunne tilsette fleire på sikt. Det er viktig for oss å presisere at sjølv om vi er lokaliserte på basen, kan vi ta i mot kundar frå alle stadar i næringslivet. Alle som er registrerte i Brønnøysund og er pålagt å ha bedriftshelseteneste kan komme til oss. Ja, dei som ikkje er det, også sjølvsagt! Det er ei god forsikring for å førebygge helseskade hos tilsette.

Relaterte artikler